kafémeny


koselege og lunt

VÅRT kafé & gardMATsutsal

Hekta er eit bakeri og gardsmatutsal plassert på Sinnes i øvre Sirdal. Her bakar me brød, bollar, kaker og tradisjonsbakst. Me gjer alt me kan for å skapa ei god atmosfære i den vesle bakstestova vår på Sinnes, med fokus på tradisjon og historieforteljing.

Du kan ta deg ei runde i kafeen, og sjå lokale handverk og bilete av folk og fe frå Sirdal. Kanskje du finn nokon du kjenner?

Me er spesielt opptekne av rein mat og lokale råvarer. I kafeen og bakeriet nyttar me eigenprodusert mjølk frå kyr som har det godt på Åsne og Johan sin fjellgard ved Dorgefoss. I baksten nyttar me surdeig og lang hevetid, som gjer baksten meir smakfull - og god for kroppen.