Hekta starta med to bydamer som fann seg kvar sin bondeson frå Sirdal. Livet på bygda vart nydeleg, men dei sakna ein stad med skikkeleg god mat, god kaffi og rom for gode møte mellom fastbuande, hyttefolk og tilreisande. Samstundes hadde dei begge kreative hender som lengta etter å skapa. Ei stove der folk møter folk og bygd møter by.

I dag er det Ingvild som fører historia vidare. Saman med bakar Rafael og driftsleder Rebekka og alle de andre dyktige folka rundt seg, arbeider ho kvar dag for å skapa gode smakar, gode møte og eit sted folk har lyst til å koma tilbake til.

Attende til mormors kjøken

Ærlege i alle ledd – det er greia vår. Og det gjeld også maten du får servert hos oss. I ei verd der alt skal gå fort og gje same resultat kvar gong, vel me å spela på lag med tid, naturlege prosessar og kunnskap. Me ønskjer å laga mat med råvarer og ingrediensar tippoldeforeldra våre ville kjent att. Ein av dei finaste tilbakemeldingane me har fått er:

“Å koma til Hekta er som å koma attende til mormor sitt kjøken.”

Det tek me som eit stort kompliment. Me ønskjer å ta vare på kunnskapen til dei som har gått før oss. Mattradisjonar og handverk er kulturarv, og difor brukar me ledige stunder på å samla gamle oppskrifter, læra tradisjonsbakst og fylla den vesle bakarstova vår med kunst, historier og gjenstandar som høyrer til her.

Bilder av flere beholdere fylt med blå druer på et treverkbord, med noen grønne blader og stammer blant druene.

Frå jord til bord

Me trur på mat med kortast mogleg veg frå jord til bord.

Der me kan, nyttar me lokale råvarer og samarbeider med produsentar me kjenner. Maten me lagar, og maten du finn i gardsbutikken vår, skal vera så rein, ekte og kortreist som mogleg.

Nærleik til bonden er viktig for oss. Ei av oss deler til og med seng med ein av dei. Og kvar morgon står han klar med rykande fersk mjølk som finn vegen til bakeriet.

Det blir det gode bollar av.

Ulike strikkede julekuler laget av stoff ligger på et trebord, mens en person står i bakgrunnen.
Teksten 'Bygd motby by. Folk møtes folk.' skrevet med en korssting-stil font

Bygd på tradisjon.
Forma med kjærleik.